Konfirmasjon

Konfirmasjon

Konfirmasjonstida i Seljord, Flatdal og Åmotsdal startar i slutten av 8. klasse og varar fram til våren i 9. klasse.

Konfirmasjonstida startar med eit kick-off ein helg i juni og så ei veke på konfirmasjonsleir veka etter skuleslutt. Så er det pause til etter Dyrsku´n før vi startar opp igjen med samlingar. Då blir det samlingar utover hausten, både i mindre grupper og med heile konfirmantkullet samla, og slik fortsett det óg utover våren fram til konfirmasjon i mai.

Etter konfirmasjonen får ein tilbod om å vere med vidare som konfirmantleiar på leiarkurs.

Konfirmasjonsdatoar i 2019 er:

Seljord: 5. mai, kl. 11 og 13

Flatdal: 19. mai, kl. 11

Åmotsdal: 19. mai, kl. 13

Kvar sommar er vi på felles konfirmasjonsleir i Stokke i Vestfold. Leiren er fast frå måndag til laurdag i veke 26. 

Innmelding til konfirmasjon skjer om våren, og det blir kalt inn til informasjonsmøte for alle 8. klassingar og føresette som er interessert i kyrkja sitt konfirmasjonsopplegg.

Om de har spørsmål om konfirmasjonstida, ta kontakt med ungdomsprest Petter Jakobsen.