Reformasjonsfest Øvre Telemark

Reformasjonsfest Øvre Telemark

Dette året markerer den Lutherske kyrkja over heile verda at det er 500 år sidan reformasjonen. I Øvre Telemark samlast alle kyrkjelydane til reformasjonsfest søndag 29. oktober på Notodden. Programmet startar med jubileumsgudsteneste for heile familien i Notodden kirke kl. 11. Her vert eit stort samansett barnekor sentralt i gjennomføringa av ei messe som er spesialskriven for jubileet. Etter gudstenesta tek me heile byen i bruk. Det vert pølsefest på menighetshuset med kiosksal og tårnsafari. På Telemarksgalleriet kan du sjå utstillinga Sola Gratia – kunst og kirke i 500 år, og i Heddal vert det omvising i Stavkyrkja og servering av middag i Kafe Olea. Klokka 16.00 vert det stor jubileumsforestilling i Notodden kirke med krefter frå heile prostiet. Det er ingen andre gudstenester i Øvre Telemark denne søndagen, og kyrkjelydane i prostiet organiserer transport til Notodden. Sjølve reformasjonsdagen, tysdag 31. oktober vert det ringt med klokkene og halde ei enkel preikegudsteneste kl. 18.00 i alle kyrkjene i Øvre Telemark.