Samanslåing av kyrkjesokna

Samanslåing av kyrkjesokna

Kyrkja i Seljord kommune består av tre kyrkjesokn i dag - Seljord, Flatdal og Åmotsdal.  Kvart sokn har sitt eige sokneråd.

Onsdag 07. februar 2018 var alle tre sokneråda samla til fellesmøte på Flatdal Samfunnshus.  På dette møtet vart det samtalt om ei mogeleg samanslåing av dei tre kyrkjesokna - til eitt kyrkjesokn for heile kommunen.

Representantar frå Hjartdal og Kviteseid var til stades på fellesmøtet.  Dei har gjort ei slik samanslåing, og hadde mykje erfaring å dele med oss andre.

I neste omgang vil dei tre sokna drøfte spørsmålet i eige sokn, før det blir tatt ei avgjersle.

Bildet syner forsamlinga som var til satdes på fellesmøtet i Flatdal.