Pilegrimsvandring i Landstads fotefar

Pilegrimsvandring i Landstads fotefar

Søndag 24. juni 2018 arrangerte soknerådet  i Åmotsdal og pinsememenigheten Betel pilegrimsvandring i Lanstads fotefar.

Vandringa gjekk langs vegen Landstad nytta når han reiste i soknebod til Møsstrond.  Denne reisa resulterte i eit stort dikt av Landstad - nemleg diktet Et Sognebud.  Undervegs i vandringa vart diktet lese opp.  

Mange deltok på arrangementet - ja så mange kom at det til slutt var naudsynt å rekvirere ein ekstra buss for å ta pilegrimane opp til Sudbø.  Vandringa blei avslutta med kyrkjekaffe og messe i Åmotsdal.