Vedlikehald av kyrkjene våre

Vedlikehald av kyrkjene våre

Kyrkjene våre treng vedlikehald.  Det er me samde om.  Det kostar å ha gamle kyrkjer.  I blant er det behov for klingande mynt for å få gjort dette arbeidet.

Men:  Den beste formen for vedlikehald er likevel at me bruker kyrkjene.  Eit bygg som ikkje blir brukt, forfell av seg sjølv.  Eit gammalt bygg som berre blir vedlikehalde gjennom kroner og øre, vil fort gå over til å bli eit reint museum.

Kyrkjene våre er ikkje museer.  Dei er kyrkjer - heilage hus - som fortsatt vert nytta til det dei vart bygde for.

No i desember er det mykje bruk av kyrkjene.  Konserter og messer fyller kyrkjene gong etter gong - eit godt vedlikehaldsarbeid som vanskeleg kan erstattas av mynt.  Lat oss bruke kyrkjene våre så mykje og så ofte som mogeleg.