Markusevangeliet i Seljord kyrkje

Markusevangeliet i Seljord kyrkje

Søndag 31. mars 2019 skal deler av Markusevangeliet framførast i Seljord kyrkje.  Det er den norsk-amerikanske presten Tim Peterson som skal stå for framføringa.  Tim har aner i Telemark.  Han er norsktalande, og har framført Markusevangeliet ved fleire høve - i Noreg så vel som i USA.

Tim seier dette om seg sjølv og hans framføring av evangeliet:  "Jeg er ikke skuespiller. Jeg er pastor. Jeg er forkynner. Jeg forteller Markusevangeliet fordi jeg ønsker å fortelle folk om Jesus."  Og vidare føyer han til:  "Min viktigste grunn for å fremføre Markusevangeliet er å peke på Jesus. Min andre grunn er å oppmuntre folk til å lytte til Guds Ord. Min tredje grunn er å oppmuntre folk til å lære Guds Ord utenat."

Seljord kyrkje arrangerer denne samlinga saman med Seljord Indremisjon.

Vil du ha ein smakebit på kva Tim gjer, kan du sjekke på You Tube.

Biletet til høgre syner Tim og Donadee Peterson.