Taraldsmesse i Seljord kyrkje

Taraldsmesse i Seljord kyrkje

Tysdag 12. februar er det duka for den årlege Taraldsmessa i Seljord kyrkje.

Messa byrjar utandørs kl 19:00, og held fram inne i kyrkja etter prosesjon, bøn og salmesong kring staden der den gamle kyrkja til St Tarald har stande.

St Tarald er ein lokal helgen for Setesdal, Vest Telemark og Numedal.  I gamle dagar (mellomaldaren) sto det ei eiga kyrkja ved sidan av noverande Seljord kyrkje.  Denne kyrkja var vigsla til St Tarald, medan hovudkyrkja (dagens kyrkje) var vigsla til St Olav.  

Vil du lese meir om denne kyrkja ?  Wikipedia har litt stoff som er interessant.

Biletet til høgre er lånt frå Wikipedia.  Levningane av Taraldskyrkja er lokalisert ca 20 skritt sydøst for noverande Seljord kyrkje.  Under Taraldsmessa vil det bli sett opp ein portal på den aktuelle staden.