Samanslåing kyrkjesokna i Seljord

Samanslåing kyrkjesokna i Seljord

Alle tre kyrkjesokna i Seljord - Åmotsdal, Flatdal og Seljord - søkjer no Agder & Telemark bispedømmeråd om å bli slått saman til eit sokn frå 01. januar 2020.

Ein slik handling krev uttale frå kyrkjelydsmøte.  Difor vil det bli halde slikt møte om denne saka på desse datoane:

  • Åmotsdal 06. mai 2019 kl 19:00 på Åmotsdal Grendehus
  • Seljord 08. mai 2019 kl 19:00 på Seljord kyrkjekontor
  • Flatdal 09. mai 2019 kl 19:00 på Flatdal Samfunnshus

Seljord og Flatdal har handsama denne saka før, men då utan at Åmotsdal var del av saka.  Når no Åmotsdal har kome til same ønskje som dei to andre kyrkjesokna, er det naudsynt med ny handsaming.

Biletet til høgre syner Åmotsdal kyrkje.

Vel møtt til kyrkjelydsmøte.