Dugnad i kyrkjene våre

Dugnad i kyrkjene våre

I løpet av april og mai, blei det utført dugnad på alle tre hovudkyrkjene våre - Seljord, Flatdal og Åmotsdal.  Kyrkjene og tilhøyrande lokalitetar vart vaska og skura.  Dessutan blei det utført vask av vindauga.  Det blei i tillegg utført fint dugnadsarbeid på kyrkjegardane.  Når høgtidsdagane i mai tok til, var det ei stor glede å kunne ønskje velkommen til kyrkjer som strålte og skein.  Tusen takk til sokneråda, og alle andre medhjelparar som var med på dette viktige arbeidet.

Biletet til høgre syner dugnadsgjengen i Åmotsdal som har ein velfortjent pause inne i kyrkja.