Avskjed med diakonen i Seljord

Avskjed med diakonen i Seljord

Svanhild Rui Gustavsen skal slutte som diakon i Seljord.  Neste stopp er pensjonistlivet.

Me skal markere hennar avskjed i Åmotsdal 23. juni kl 15:00.

Etter pilegrimsvandring over Skarsvegen same dagen (23. juni kl 09:00 - 15:00) vert det messe i Åmotsdal kyrkje.  Etter messa vert det fest på Åmotsdal grendehus, med avskjed for Svanhild.  

Svanhild har vore diakon i mange år - både i Seljord, Flatdal og Åmotsdal.  Me ønskjer at så mange som mogleg finn vegen til Åmotsdal denne dagen.  Vel møtt.