Kyrkjeval 2019

Kyrkjeval 2019

Det skal vere kyrkjeval hausten 2019 - nærare bestemt 09. september.  Om bispedømmerådet seier ja, vil det vere ei liste for heile Seljord kommune - beståande av kandidatar frå både Seljord, Flatdal og Åmotsdal.

I tillegg til lokalt val, skal det og vere val på nye medlemmar til bispedømmerådet.  Dette valet har tre ulike lister.  På den eine av listene - den som går under namnet nominasjonskomiteens liste - har Øvre Telemark ein kandidat:  Silje Nilsen Østensen frå Seljord.  Silje er i dag student, og har tidlegare vore ungdomsarbeidar knytt til Ønsket & Elsket.  Me må gå saman og stemme slik at Silje blir ein av dei nye medlemmane i bispedømmerådet.

Biletet til høgre viser Silje Nilsen Østensen.

Les meir om kyrkjevalet her.