Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Supplerande nominasjon til soknerådsvalet

Supplerande nominasjon til soknerådsvalet

Bispedømmerådet i Agder og Telemark vedtok 12.05.2019 at Åmotsdal sokn slåast saman med Seljord og Flatdal sokn under namnet Seljord sokn frå og med 1. januar 2020.

Dette blei vedteke:

1. Agder og Telemark bispedømmeråd vedtar i tråd med delegert fullmakt en sammenslåing av Åmotsdal sokn med Seljord og Flatdal sokn.

2. Sammenslåingen gjøres gjeldende fra 1. januar 2020.

3. Kirkevalget høsten 2019 gjennomføres som om sammenslåingen allerede er skjedd.

4. Navnet på det nye soknet blir Seljord sokn.

5. Det må åpnes for supplerende nominasjon i det fremtidig sammenslåtte soknet så snart bispedømmerådet har vedtatt sammenslåing 12. juni.

6. Det settes en frist til 24. juni for innsending av forslag til supplerende kandidater.

7. Valgstyret/menighetsrådet må godkjenne de supplerte kandidatene innen 28. juni.

8. Opplysninger om samtlige kandidater må legges inn i medlemsregisterets valgmodul innen 30. juni 2019.

Eit forslag til kandidat fremma ved supplerande nominasjon skal vera eigenhendig underskrive av fem forslagsstillarar med stemmerett. Underskriftene skal vera skrift på papir. Forslaget til supplerande nominasjon skal ha følgjande vedlegg:

• Ein oversikt over kandidaten sin fødselsdato.

• Ein oversikt over fødselsdato og bustad-adresse til dei fem som har underskrive på forslaget.

Vi har fått to kandidatar frå Åmotsdal som har sagt seg villige til å stå på lista, men sidan dei ikkje kunne godkjennast før Bispedømmet hadde gjort sitt vedtak om samanslåing må dei nominerast på nytt. Desse kandidatane er Knut Teigland og Turid Øverbø. Dei må nominerast på nytt etter oppskrifta over. Det er sjølvsagt fint om vi kan få nominert fleir kandidatar til lista, vi har berre ni kandidatar pluss dei to frå Åmotsdal. Forslag til kandidatar sendast til jon@seljordkyrkje.no seinast 24.06.2019. Så blir forslaga tekne med til valstyret sitt møte.

Jon Svartdal, for valstyret