Gjennomføring av Kyrkjeval 2019

Gjennomføring av Kyrkjeval 2019

Frå kyrkjeverjen i Seljord har me motteke denne informasjonen om gjennomføringa av kyrkjevalet 2019:

Kandidatar til soknerådsvalet i Seljord
Ved soknerådsvalet i år blir Seljord, Flatdal og Åmotsdal sokn slege saman til eitt sokn, Seljord sokn, frå og med 1. januar 2020. Vedtaket om å slå saman Åmotsdal sokn med Seljord og Flatdal sokn blei gjort etter at fristen for å levere kandidatliste var ute. Derfor måtte kandidatar frå Åmotsdal førast opp som supplerte kandidatar. Dei er likeverdige kandidatar, og det gjeld for dei som for alle andre at det er talet på kumuleringar til kandidatane som avgjer rangeringa på valresultatet.

Dei fyrst nominerte kandidatane er: Dag Aanderaa, Kari Synnøve Skoland Rue, Bergit Lisleåsheim Telnes, Hans Christian Knudsen, Wenche Skogheim, Lars Geving, Margit Gudveig Gravir, Kjell Hartberg og Agnes Byberg Skårnes.

Dei supplerte kandidatane er: Knut Teigland og Turid Øverbø.

Røysting ved soknerådsvalet i Seljord
Vallokala ved soknerådsvalet ligg nær ved vallokala til kommunevalet. Røystetidene er dei same som ved kommunevalet. I Åmotsdal er røystestaden på grendehuset, måndag 09.09. kl. 08:00-19:00. I Flatdal er røystestaden på samfunnshuset, måndag 09.09. kl. 08:00-19:00. I Seljord er røystestaden på Granvin sundag 08.09. kl. 14:00-19:00, og måndag 09.09. kl. 08:00-19:00. Førehandsrøysting er på kyrkjekontoret i Brøløsvegen 48b nær butikken til T. Tveitan. Den startar 10. august, og varer til 6. september, men i veke 34 er ikkje kontoret ope for røysting. For å sikre at det er folk på kontoret er det best å ringe 917 23 967 for å avtale tid, dei som jobbar der er stundom ute på oppdrag.

I tillegg til soknerådsval, skal det også vere bispedømmeådsval.  Røysting same stad og tid som soknerådsval.  Kanditatlister til bispedømmerådsvalet.