Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Salmekveld Flatdal kyrkje

Salmekveld Flatdal kyrkje

2020 er jubileumsår for den første norske salmeboka - 150 år.

Magnus Brostrup Landstad sto som ansvarleg for salmeboka.  Sidan Landstad tenestegjorde lenge som prest i Seljord, er det naturleg at jubileet får ei ekstra markering hjå oss.  Første markeringa kjem onsdag 18. mars.  Då skal me ha salmekveld i Flatdal kyrkje.  Tema for salmekvelden skal vere:  Gud er nådig.

Torunn Raftevold Rue og Keith Robert Griggs vil stå for det musikalske, medan Bergit Lisleåsheim Telnes vil seie litt om Landstads salmebok og betydningen den fekk for nasjon og kyrkje og skule.

Saman skal me fylle Flatdal kyrkje med salmar Landstad skreiv og/eller oversette.

Seinare i 2020 skal salmeboka få markering både i Seljord og i Åmotsdal.