Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Vinterfjellmesse på Kjos

Vinterfjellmesse på Kjos

Endring i gudstenesteprogrammet for mars 2020:  I staden for annonsert vinterfjellmesse på Kvambekk, vert det vinterfjellmesse hjå John Olav og Marit Haugetuft på Kjos.  Dag og tid er sjølvsagt ikkje endra - sondag 15. mars 2020 kl 12:00.

Det vil vere høve til å køyre heilt fram.  Vil du imidlertid gange på ski eller til fots den siste biten, er det sjølvsagt god anledning til det.  Då kan du parkere på Kvambekk, og så gå på ski i oppkøyrt skiløype, eller til fots langs vegen - ca 3 km.

Når messa er slutt, vil det vere høve til å kaupe kaffe og kakur på den lokale Kaffikroken.  Hjarteleg velkomen til vinterfjellmesse på Kjos.

Biletet til høgre tilhøyrer John Olav og Marit Haugetuft, og syner Kjos i vinterbunad.