Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Kyrkjeleg aktivitet i koronatid

Kyrkjeleg aktivitet i koronatid

Koronatida har sett sitt preg på den kyrkjelege situasjonen i landet vårt.

Siste gongen me hadde vanleg messe i Seljord prestegjeld var 08. mars i Seljord kyrkje.  Etter dette har det vore stille, om ein ser bort frå dåpsseremoniar og gravferder - begge deler med svært begrensa deltaking.

Fleire spør seg i dag:  Når tid opnar kyrkja igjen ?  I dag - 17. april 2020 - er svaret at noverande situasjon med omsyn til gudstenester og kyrkjelege handlingar vert forlenga i første omgang fram til 15. juni 2020.  I praksis tyder dette at det ikkje vert ordinære gudstenester fram til denne dato.  Kyrkjelege handlingar (dåp, vigsle og gravferd) kan berre gjerast med begrensa deltaking.

Komande sundag skulle det ha vore Tårnagentmesse i Åmotsdal, men denne er sjølvsagt avlyst. 

I denne tida får me nytte oss av dei digitale tilboda me har til rådvende.  Prostiet vårt har enn så lenge ein dagleg andakt, samt sundagsgudsteneste på facebooksida Kyrkja i Øvre Telemark.  Dei tre sokna våre har i tillegg sine eigne facebooksider, som innimellom legg ut relevant stoff.  

Soknerådet skal ha digitalt møte 22. april.  På dette møtet vil den kyrkjelege situasjonen bli drøfte.

Ingen av dei tilsette i kyrkja er permitterte.  Du kan gjerne ringe oss om du treng nokon å snakke litt med.  

Biletet til høgre syner kyrkjetårnet i Åmotsdal kyrkje.



izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort