Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Smitteverntiltak i kyrkja i Seljord

Smitteverntiltak i kyrkja i Seljord

Kyrkja skal opnast igjen - etter nedstenging i meir enn 2 månader.

Desse smittevernreglane gjeld i kyrkjene våre:

  • Dersom du ikkje er frisk, skal du ikkje kome til kyrkja.
  • Om du må nyse eller hoste, gjer du dette i papirhandlede eller i albukroken.
  • Du skal nytte den handdesinfeksjonsflaska som står ved inngangen til kyrkja.
  • Du skal sjølv hente salmeboka di, og sjølv sette ho attende når du forlet kyrkja.
  • Du får tilvist plass å sitte på i kyrkja.  Hovudregelen er at det skal vere minimum 1 meters avstand mellom deg og andre.  Dei som tilhøyrer same husstand, kan sitte samla i kyrkja.
  • Nattverd:  Du skal sjølv hente nattverdkalken (sølvbegeret) og gå fram til presten som deler ut nattverdbrødet.  Presten legg dette i nattverdkalken og seier "Dette er Jesu lekam".  Du tar sjølv oblaten or kalken og et han.  Deretter gjeng du til medliturg og får nattverdvin i kalken, ledsaga av orda "Dette er Jesu blod".  Når du har motteke nattverden sett du kalken på det brettet som er sett fram til dette.
  • Kyrkjebygga våre er av ein slik storleik og utforming at me ikkje kan ta imot fleire enn maksimalt 35 personar innandørs
  • Dersom det skulle oppstå smitte i etterkant av eit arrangement i kyrkja, må kyrkjeverjen kunne gjere rede for kven som har vært til stades på det aktuelle arrangementet.  Difor vil det vere registrering av deltakarar ved inngangen, slik at me - på oppmoding frå smittevernleiinga i kommunen - kan etterspore eventuell smittekjelde.  Slike deltakarlister skal makulerast etter 10 dagar.

Les heile smittevernvegleiaren for Den norske kyrkja.

Biletet til høgre er lånt frå heimesida til Den norske kyrkja.