Seljord, Flatdal og Åmotsdal kyrkjelydar > Artiklar > Nyheter

Open kyrkje

Open kyrkje

Stundom kjem det førespurnad om kyrkja kan vere meir open for dei som berre vil ta ein tur innom for tenning av ljos, stille og ettertanke.  Me vil prøve dette tre torsdagar i juni.  Kyrkja vil på desse dagane vere open mellom 13:00 - 15:00 og 17:00 - 19:00:

  • Seljord kyrkje 04. juni
  • Åmotsdal kyrkje 11. juni
  • Flatdal kyrkje 18. juni

Soknediakonen vil vere tilstades på føremiddagen, medan soknepresten vil vere til stades på ettermiddagen.