Konfirmasjon


Konfirmasjonstida i Seljord, Flatdal og Åmotsdal startar i slutten av 8. klasse og varar fram til våren i 9. klasse.

 

Både konfirmantåret 2019-2020 og 2020-2021 vert påverka av koronasituasjonen. Normalt sett har vi konfirmasjonar om våren, i mai, men i 2020 har konfirmasjonane blitt utsett til september. Vi ville òg normalt sett ha starta det nye konfirmantåret på våren/forsommaren, og vore på konfirmasjonsleir i sommarferien. I 2020 vert oppstarten for nye konfirmantar (2020-2021) til hausten, og konfirmasjonsleiren blir i vinterferien, veke 8 2021. 

Konfirmasjonsdatoar i 2020 er:

Seljord: 19. og 20. september, kl. 11 

Flatdal: 27. september, kl. 11

Åmotsdal: 27. september, kl. 13

Kvar sommar er vi på felles konfirmasjonsleir i Stokke i Vestfold. Leiren er fast frå måndag til fredag i veke 26. 

Innmelding til konfirmasjon skjer om våren, og det blir kalt inn til informasjonsmøte for alle 8. klassingar og føresette som er interessert i kyrkja sitt konfirmasjonsopplegg.

Om de har spørsmål om konfirmasjonstida, ta kontakt med ungdomsprest Petter Jakobsen.

Tilbake