Program og opplegg Pilegrimsvandringa gjennom Kivledalen til Seljord kyrkje


Det skal vere pilegrimsvandring gjennom Kivledalen 20. juni 2021.

 

Sundag 20.juni inviterer Seljord sokneråd til pilegrimsvandring. Me møtest ved kyrkja kl 10.00, og fyller bilar. Ein buss har me og til rådvelde.

Turen går til Tippen ovanfor Kivledalen. Me går så opp gjennom Bygdardalen, der skiløypa går. Det er ein flat og fin grusveg som me fylgjer til me kjem til vegen som går ned gjennom Hanakamjuvet.

Me tek ein stopp ved brua over til Dalsykket. Der vil Bergit Telnes fortelje litt om den fyrste gruvedrifta på Gullnes, og korleis dei tyske gruvearbeidarane fekk bruke Taraldskyrkja til å halde messe etter luthersk skikk alt i 1540-åra.  På venstre side av Hanakamjuvet går   den gamle kløvvegen  som  bergmennene frå Gullnes brukte då dei skulle til  Taraldskyrkja på Vallarhaugen.  Beitevis er det berre ein smal stig, og det er stupbratt ned mot juvet.

Me held oss på høgre side av juvet. Då går me på  vegen som Gullnesdrivarane bygde i 1860-åra. Den gongen var det eit engelsk gruvekompani som dreiv gruvene. Denne vegen var i bruk for biltrafikk, ja dei køyrde til og med tømmerbilar der.

Det blir fleire stopp på veg ned gjennom juvet med både forteljing, dikt og song.

Frå Tresland går me gjennom Kivledalen til Kivle syndre der Bente Lindvig bur. Her høver det med ein lengre stopp med både niste, kvile og kulturinnslag. Me får høyre segna om Kivlemøyane, og kanskje er det nokon som kan spela Torkjell Haugerud sine slåttar på hardingfele. Det vil også bli opplesing av nokre av Hans Godtfred Kivle sine tekstar.

Bente vil fortelje litt om tunet sitt og kva tanken med dei ulike husa er.

Hos Bente er der  eit kapell der ein kan ha ei stille stund. Elles kjem både lysthuset Aurora og bakstebua til å vera open. Det er også høve til å bruke utedoen.

Så går turen nedover forbi Åmåg mot Sandbrauti og Hartholt før me endar opp ved Seljord kyrkje. Der blir det servert kaffi og kake før dagen blir avslutta med messe utanfor Seljord kyrkje kl 17.00.

Etter messa blir det organisert transport opp att til Tippen for å hente bilar.

Skulle det verta vanskeleg for nokon å gå heile vegen, gå det an å vera med på delar av vandringa ned til kyrkja. Messa er sjølvsagt open for dei som ikkje har vore med på turen også.

Under messa blir det tatt opp eit offer til dekking av utgifter ved turen.

Sidan me skal vera ute heile dagen, er det viktig å ha med mat og nok drikke. Noko å sitja på er også lurt. Gode sko og kanskje ein vandringsstav er bra.

Ein liknande tur var planlagd i juni 2020, men då regna det så kraftig at me måtte avlyse. Me håpar at verken været eller smittesituasjonen gjer at me må avlyse nok ein gong. De får fylgje med i Vest-Telemark Blad og på Seljord kyrkje sine nettsider når tida nærmar seg.

Soknerådet håpar at mange av dykk  vil vera med oss på tur og messe denne dagen.

Vel møtt!

Helsing Seljord sokneråd ved Bergit Telnes

Biletet syner Seljord kyrkje.

Tilbake