Kvardagsopen kyrkje i Seljord


Open kyrkje i Seljord.

 

Soknerådet ønskjer at kyrkja i Seljord skal vere meir open, slik at dei som vil kan gå inn og setje seg ned for å vere stille i kvardagen.

I ein prøveperiode vil kyrkedøra vere open i tida mellom 08,00 - 15,00 måndag til fredag.  Kyrkjetenarane opnar og stengjer når dei kjem på jobb og går frå jobb.

Det vil ikkje vere høve til å tenne ljos.

For at det ikkje skal bli kaldt i kyrkja er det viktig at du lukkar døra mellom våpenhuset og kyrkjerommet når du er inne og når du forlet.

Tilbake