Festmesse i Seljord kyrkje


Komande helg.

Komande sundag, 23. oktober, er det 20. sundag i treeiningstida.  Då skal det vere festmesse med dåp i Seljord kyrkje kl 11,00.  Denne messa vil markere at NMS-foreininga i Seljord er 150 år.

Det skal vere musikk av Kjetil Bergheim og  Kjetil Flatland.  Prost Asgeir Sele skal vere predikant, medan Dag Harald Undheim skal vere liturg.

Ordførar og varaordførar skal delta med tekstlesing.

Etter messa skal det vere festsamvær på Misjonshuset.  Alle er velkomne på dette samværet.

Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet. 

Biletet på denne sida syner Seljord kyrkje fotografert tysdag 11. oktober 2022.

Vel møtt.

Tilbake