Ljosmesse i Åmotsdal kyrkje


Til helga skal det vere ljosmesse i Åmotsdal kyrkje.

 

Komande sundag, 27. november 2022, er det fyrste sundag i adventstida.  Då skal det vere ljosmesse i Åmotsdal kyrkje kl 17,00.  Liturg vil vere Dag Harald Undheim, medan Kjetil Bergheim vil vere organist.

Det skal vere utdeling av adventshelsing til fem- og seksåringar.  Diakon og trusopplærar Ingunn Liseter vil difor vere aktiv i messa.

Ljosmessa er i samarbeid med idrettslaget i Åmotsdal.  I forkant av messa vil det vere fakkeltog, tenning av jolegran og song ved Steinmoen.

Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet. 

Biletet på denne sida syner Åmotsdal kyrkje i adventsstemning.

Vel møtt.

Tilbake