Adventsmesse i Seljord kyrkje


Til helga skal det vere adventsmesse i Seljord kyrkje.

Komande sundag, 04. desember 2022, er det andre sundag i adventstida.  Då skal det vere adventsmesse i Seljord kyrkje kl 11,00.  Liturg vil vere Dag Harald Undheim, medan Kjetil Bergheim vil vere organist.

Det skal vere utdeling av adventshelsing til fem- og seksåringar.  Diakon og trusopplærar Ingunn Liseter vil difor vere aktiv i messa.  Messa vil vere noko tilrettelagt for born.

Etter messa blir det kyrkjekaffi.

Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet. 

Biletet på denne sida syner Seljord kyrkje i adventsstemning.

Vel møtt.

Tilbake