Adventsmesse på Nutheim


Til helga skal det vere adventsmesse på Nutheim.

Komande sundag, 18. desember 2022, er det fjerde sundag i adventstida.  Då skal det vere adventsmesse på Nutheim kl 19,00.  Liturg vil vere Dag Harald Undheim, medan Kjetil Bergheim vil vere organist.  Svanhild Rui Gustavsen vil vere klokkar og tekstlesar.

Etter messa blir det kyrkjekaffi.

Denne messa i kapellet på Nutheim har lang tradisjon i kyrkjesoknet vårt.  Ta deg tid til å få med deg dette - på slutten av adventstida - som ein fin inngang til jolehøgtida som no ligg framføre oss.

Biletet på denne sida syner den gamle prestegarden på Nutheim.  Messa skal vere i kapellet som du finn i kjellaren på dette bygget.

Tekstane for dagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet. 

Vel møtt.

Tilbake