Komande helg - sundag 29. januar 2023 - er det høgmesse med dåp i Seljord kyrkje kl 11,00.
Det er 4. sundag i openberringstida. Sokneprest Dag Harald Undheim er liturg, medan kantor Kjetil Berheim skal vere organist. Konfirmantar frå Seljord vil - saman med diakon Ingunn Liseter - delta som ministrantar i messa. Klokkar vil vere Kjell Hartberg. Takkoffer til Misjonshuset, og kyrkjekaffi etter messa.
Tekstane for sundagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet.
Bilete syner Seljord kyrkje 22. januar 2023.
Vel møtt.