Komande helg - sundag 05. februar 2023 - er det høgmesse med dåp i Flatdal kyrkje kl 11,00.
Det er Såmannssundag. Sokneprest Dag Harald Undheim er liturg, medan kantor Kjetil Bergheim skal vere organist. Konfirmantar frå Flatdal vil - saman med diakon Ingunn Liseter - delta som ministrantar i messa. Klokkar vil vere Svanhild Rui Gustavsen. Takkoffer til Bibelselskapet, og kyrkjekaffi etter messa.
Sidan denne sundagen er dagen føre den samiske nasjonaldagen, vil det vere ei enkel markering av dette og i kyrkja denne sundagen.
Tekstane for sundagen finn du på nettsidene til Bibelselskapet.
Bilete syner Flatdal kyrkje, og er teke i februar 2022.
Vel møtt.