I år fell denne gamle helgendagen på ein sundag; 12.februar. Som tidlegare år samlast me ved Seljord kyrkje kl.18.00 for å gå med faklar til staden der Taraldskyrkja stod. Her blir det song og bøn, før me held fram inne i Olavskyrkja.
Så dreg me opp til Øvre Klomset der me skal ha kaffi og kake og litt program. Øvre Klomset er ein av dei tre kjente plassane der datering med Taraldsdag er brukt. Det var i 1586 at eit dokument blei datert her.
I år vil me trekkje fram ein kulturperson med tett tilknyting til denne garden. Det er Høye Kvåle som var ein god hardingfelespelar. Han var far til Hilda som gifta seg Lønnestad, men budde på Klomset.
Helge Sigurd Amdal Telnes har interessert seg for hardingfelespel dei seinare åra. Han vil fortelje litt om Høye Kvåle og speltradisjonen han stod i. Linken til Eivind Mo er der og sidan Høye Kvåle var onkelen hans.
Me er så heldige at me har fått ein organist i Seljord som i ungdommen lærte slåttar av Eivind Mo. Kjetil Bergheim heiter han, og han blir med både i kyrkja og på Øvre Klomset.
Me ynskjer vel møtt både til kyrkja og Øvre Klomset. Truleg vil samlinga på Klomset starte kl 19.00.
Seljord sokneråd og Seljord sogelag ønskjer velkomen til Taraldsmesse.
Biletet på denne sida syner Seljord kyrkje, og er teke 12. februar 2022.