Gratulerer med dagen - i dag er det Samefolkets dag i Noreg.
Biletet er lånt frå Den norske kyrkja si heimeside, og tilhøyrer Thom Reijnders.
Kyrkja i Seljord sokn markerte dagen på høgmesse i Flatdal kyrkje 05. februar 2023. Då blei mellom anna den samiske nasjonalsongen sunge. Dessutan blei Kyrie Eleison sunge på den tonen som blir nytta i fleire av dei samiske kyrkjelydane i Noreg.
Gratulerer med dagen heiter lihkku beivviin på nordsamisk.
Seljord sokn gratulerer dei i vårt område som i dag markerer denne dagen.