Familiemesse med ny vri i Seljord


Familiemesse på Misjonshuset 12. mars kl 11,00.

Som dei fleste andre i Noreg har Seljord sokneråd fått nye utfordringar med sterkt aukande straumprisar. Kyrkjene våre er gamle og dyre å varme opp, og på vinteren skal det mykje straum til for å gjera kyrkjeromma levelege. Difor prøver me no ei ordning med å arrangere gudsteneste i andre lokal.

Me skal ha familiemesse med solid innslag av Tysdagsklubben, og då skal me møtast på Misjonshuset i Seljord. Dette går føre seg sundag 12.mars klokka 11.00.

Set av dagen alt no. Deltakarane på Babysong er også invitert, og elles er det ope for alle. Gudstenesta tel som ei av dei  messene som konfirmantane som konfirmantane må ha i løpet av konfirmanttida.

Etter messa blir det servering av bollar, saft og kaffi.

Biletet er tatt av Ingunn Liseter, og syner ein del av Tysdagsklubben, samla til måltid på Misjonshuset.


Kyrkja i Seljord

Tilbake