Friluftsmesse på Sneie i Åmotsdal


Friluftsmesse på Sneie i Åmotsdal


Friluftsmesse på Sneie i Åmotsdal

Komande sundag skal det vere friluftsmesse på Sneie i Åmotsdal.  Messa byrjar kl 12,00.  Det blir forenkla messe.  Kjetil Bergheim vil spele fele, medan Karl Valhovd vil synge litt visur for oss.  Liturg vil vere Dag Harald Undheim.

Når messa er slutt vil det vere mogeleg å kaupe kaffe og kakur.  

Sneie er staden der Eva Bull Holtes museum er.  Køyr forbi Åmotsdal sentrum i retning Rauland, så finn du Sneie etter nokre kilometer på høgre hand.  God parkeringsplass - få meter å gå.  

Ta med noko å sitje på.

Hvis veret er slik at det ikkje er kjekt å vere ute, blir heile messa flytta inn i samlingssalen på museet.

Teksten for dagen finn du på nettsidene til det norske bibelselskap.

Biletet viser hovudbygningen på Sneie.  Det er rydda i snoen føre inngangspartiet, slik at det skal vere mogeleg å sitte godt på medbragt stol.

Om du skulle ha lyst til å ta ein skitur etter messa, så er det mange mogelegheiter til dette i nærleiken.  Ein tur til Kvambekk og fine skispor er ikkje langt unna.

Vel møtt.

Tilbake