Kyrkjeleg festdag i fastetida


Maria bodskapsdag

Komande sundag - 26. mars 2023 - er det Maria bodskapsdag i kyrkja vår.  Då skal det vere høgmesse i Seljord kyrkje.

Maria bodskapsdag er ein av dei kyrkjelege festdagane.  Den kjem på den sundagen som ligg nærast opp til 25. mars - og dermed får den samanfall med fastetida i kyrkja vår.

Fastetida har lilla farge, medan bodskapsdagen er ein festdag som vert markera med kvit som liturgisk farge.

Messa byrjar kl 11,00.  Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, Kjell Hartberg skal vere klokkar og Eilev Eiesland Bjørge kyrkjetenar.

Etter messa vert det kyrkjekaffe.

Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.

Vil du lese meir om denne dagen ?  Det kan du gjere på Den norske kyrkja sine nettsider.

Tilbake