Messe i Seljord kyrkje


Komande sundag

Komande sundag - 16. april 2023 - er det 2. sundag i påsketida i kyrkja vår.  Då skal det vere høgmesse i Seljord kyrkje.

Påsketida har kvit som liturgisk farge i kyrkja vår.  Den erstattar lilla, som har vore farge i heile fastetida.

Messa byrjar kl 11,00.  Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, Berfit Lisleåsheim Telnes skal vere klokkar/tekstlesar og Eilev Eiesland Bjørge kyrkjetenar.

To born skal døypast denne sundagen.  Sidan det skal vere dåp, vil det ikkje vere nattverd.

Det skal vere tre konfirmantar med som ministrantar, og diakon/konfirmantlærar Ingunn Liseter vil delta..

Etter messa vert det kyrkjekaffe.

Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.

Tilbake