Soknerådet ønskjer at kyrkja i Seljord skal vere meir open, slik at dei som vil kan gå inn og setje seg ned for å vere stille i kvardagen.
Kyrkedøra vil vere open i tida mellom 08,00 - 15,00 måndag til fredag. Kyrkjetenarane opnar og stengjer når dei kjem på jobb og går frå jobb.
Ordninga følgjer sommarhalvåret etter primstaven - frå 14. april til 14. oktober.
Det vil ikkje vere høve til å tenne ljos.
For at det ikkje skal bli kaldt i kyrkja er det viktig at du lukkar døra mellom våpenhuset og kyrkjerommet når du er inne og når du forlet.
Lat oss bruke kyrkja vår i kvardagen.