Komande sundag - 14. mai 2023 - er det 6. sundag i påsketida. Då skal det vere messe i Seljord kyrkje.
Påsketida har kvit som liturgisk farge i kyrkja vår.
Messa byrjar kl 11,00. Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Gunnar Ajer, Gudveig Gravir skal vere klokkar/tekstlesar og Jon Svartdal kyrkjetenar.
Messa skal ha litt ekstra fokus på misjon - Birgitte Bugaard Ørnes skal halde andakt; ho er til dagleg tilsett som misjonskonsulent i NMS.
Seljord sokn har NMS sitt arbeid i Etiopia som sitt misjonsprosjekt. Difor skal det naturlegvis vere takkoffer til dette arbeidet på denne messa.
Det skal vere konfirmantar med som ministrantar/medhjelparar, og diakon/konfirmantlærar Ingunn Liseter vil delta.
Etter messa vert det kyrkjekaffe på Misjonshuset. På denne vil det vere meir fokus på misjon.
Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.