Høgtidsmesse i Seljord kyrkje


Komande sundag

Komande sundag - 28. mai 2023 - er det pinse i kyrkja vår.  Pinsa er den tredje av dei tre høgtidene kyrkja feirar.  Me kallar sundagen for 1. pinsedag, og me skal ha høgtidsmesse i Seljord kyrkje.

Pinsa har raud som liturgisk farge i kyrkja vår.  

Messa byrjar kl 11,00.  Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, og Bergit Lisleåsheim Telnes skal vere klokkar/tekstlesar.  Einar Heggtveit er vikar for kyrkjetenar denne sundagen.

Etter messa vert det kyrkjekaffe på kyrkjebakken.

Bilete syner Seljord kyrkje 17. mai 2023.

Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.

Tilbake