Endring i gudstenestelista


Det har kome ei endring i gudstenestelista.

I Helg & Høgtid står det at det skal vere messe på Kjos i Åmotsdal 16. juli 2023 kl 12,00.  

På grunn av privat arrangement, kjem det ikkje til å bli messe på Kjos i år

I staden skal det vere friluftsmesse på Kråkeroe staulen - same dato og same klokkeslett.  

Slik står det å lese om Kråkeroe på nettsidene til Visit Rauland:

"Kråkeroe-staulen ligger 900 moh på Møsstrond lengst nord i Seljord kommune. Staulsvollen har en spesielt fin beliggenhet mellom Veisvik-vatnet og Kråkeroe-tjønni."

På Kråkeroe vil det vere høve til å kaupe mat og drikke.

Kråkeroe har denne adressa:  Rjukanvegen 1517, 3864 Rauland.

Bilete på denne sida syner litt av omvignadene på Kråkeroe, og det er lånt med tillating av Sondre Aaasan.

Meir info vil kome etter kvart.

Tilbake