Årets pilegrimsvandring skal gå over Skarsvegen - 18. juni 2023. Skarsvegen er ein gamal veg, som Landstad gjorde kjent gjennom diktet Aneksreisen.
Me skal gå frå Svartdal til Åmotsdal, i Landstads fotefar. Me vil lese teksten frå diktet Aneksreisen, og gjere oss litt kjent med dei ulike stadene som diktet beskriv. Undervegs vil det vere god tid til felles oppleving. Me syng og les og snakkar saman. Harald Barstad og Knut Espelid skal vere med som turleiarar og kunnskapsformidlarar.
Kvar einskild tek med seg mat og drikke, og så set me oss ned og har måltid og pause undervegs.
Kjetil Bergheim skal vere med som spelemann, og fleire lokale slåttar vil bli spela.
Oppmøte i Svartdal kl 10,00. Vandringa vil bli avslutta med folkemusikkmesse i Åmotsdal kyrkje kl 17,00. Det vil vere tilbod om busstransport attende frå Åmotsdal til Svartdal for dei som må hente bilane sine.
Tilbod om busstransport frå Åmotsdal til Svartdal på føremiddagen. Avgang frå Åmotsdal kyrkje kl 09,30.
Vel møtt til ein fin og opplevingsrik vandring.