Høgmesse i Flatdal kyrkje


Komande sundag

Komande sundag - 04. juni 2023 - er treeiningssundagen i kyrkja vår.  Då skal det vere høgmesse i Flatdal kyrkje.

Treeiningssundagen har kvit som liturgisk farge, medan dei fleste av sundagane i treeiningstida, har grøn som liturgisk farge.  

Messa byrjar kl 11,00.  Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, og Einar Heggtveit skal vikariere som kyrkjetenar.  Klokkar og tekstlesar denne sundagen er Svanhild Rui Gustavsen.

Etter messa vert det kyrkjekaffe.

Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.

Tilbake