Komande sundag - 02. juii 2023 - er det 5. sundag i treeiningstida i kyrkja vår. Då skal det vere høgmesse i Flatdal kyrkje.
Treeiningstida har grøn som liturgisk farge.
Messa byrjar kl 11,00. Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, og Einar Heggtveit skal vikariere som kyrkjetenar. Klokkar og tekstlesar denne sundagen er Svanhild Rui Gustavsen, og me skal gjeve eit takkoffer til Normisjon i Telemark.
Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.