Komande helg skal det vere friluftsmesse på Kråkeroe-staulen.
I Helg & Høgtid står det at det skal vere messe på Kjos i Åmotsdal 16. juli 2023 kl 12,00. På grunn av privat arrangement, kjem det ikkje til å bli messe på Kjos i år
I staden for Kjos skal det vere friluftsmesse på Kråkeroe-staulen. Det skal vere dåp, og Kjetil Bergheim vil vere spelemann på messa. Han vil spele til salmesong, og dessutan litt slåttar utanom. Soknepresten i Seljord, Dag Harald Undheim, vil vere forrettande prest.
Kråkeroe-staulen ligg så langt nord du kan kome i Seljord. For å kome dit, må du køyre forbi Vierli i retning Rjukan på veg 37. Det er skilta til Kråkeroe-staulen på høgre hand, og det vil vere mogeleg å køyre nesten heilt fram. Vil du bruke GPS, så er adressa Rjukanvegen 1517, 3864 Rauland.
Det kan vere smart å ta med noko å sitje på. Når messa er slutt, vil det vere mogeleg å kaupe mat og drikke som er produsert på staulen.
Slik står det å lese om Kråkeroe på nettsidene til Visit Rauland:
«Kråkeroe-staulen ligger 900 moh på Møsstrond lengst nord i Seljord kommune. Staulsvollen har en spesielt fin beliggenhet mellom Veisvik-vatnet og Kråkeroe-tjønni. På setervollen går telemarkskyr, NRF-kyr, kalvar og grisar. Her beiter kyrne godt, saftig fjellgras som gjev den beste, smakfulle og næringsrike mjølka.
Av mjølka produserar me smør, rjome og knåost. Me får resteprodukt i form av saup og ostemasse som er kjempegode produkt å bruke i bakverk. Smør, rjome, knåost sel me her på staulen. Me serverer enkel staulskost: rjomegraut, spekemat, saupvaflar, saupsuppe med meir. Rjomegrauten her er spesielt god med vår heimelaga rjome.»
Alle er velkomne til opplevingsrik kyrkjesundag på Kråkeroe – sjå annonse i VTB.
Biletet på denne sida tilhøyrer Kråkeroe, og syner litt av omgivnadene på Kråkeroe. Biletet er brukt med tillating frå Sondre Aasan.