Komande sundag - 03. september 2023 - er det 14. sundag i treeiningstida i kyrkja vår. Då skal det vere høgmesse i Flatdal kyrkje. Denne sundagen vert og kalla Vingardsssundagen.
Treeiningstida har grøn som liturgisk farge.
Messa byrjar kl 11,00. Liturg skal vere Dag Harald Undheim, organist er Kjetil Bergheim, og Einar Heggtveit skal vikariere som kyrkjetenar. Klokkar og tekstlesar denne sundagen er Svanhild Rui Gustavsen, og me skal gjeve eit takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.
Etter messa vert det kyrkjekaffe, samt høve til førehandsrøysting i kyrkjevalet 2023. Vel møtt.
Tekstane for dagen finn du på bibelselskapets nettsider.