I himmelen, i himmelen – salmekveld i Flatdal kyrkje


Onsdag 1. november

Ein av dei mest kjende helgemessesalmane våre heiter I himmelen, i himmelen.  Denne salmen har me fått frå Sverige – Landstad importerte den når han laga den nye salmeboka i 1870.  Tonen me nyttar i Noreg er derimot heilnorsk – det er ein folketone frå Heddal.

I gamle dagar vart Helgemesse – eller Allehelgensdag – feira 1. november, både i Noreg og i resten av verda.  På slutten av 1700-talet vart dagen hjå oss flytt til fyrste sundag i november, medan resten av verda for det meste har halde på 1. november fram til i dag.

I år skal me skipe til ein salmekveld i Flatdal kyrkje på gamle helgemesse – onsdag 1. november kl 19,00.  Me har gitt kvelden namnet I himmelen, i himmelen.  På programmet denne kvelden vil det stå song og musikk og tekstar som er knytt til Helgemesse.

Kjetil Bergheim vil stå for det musikalske, medan Sigrid Aksnes Stykket og Svanhild Rui Gustavsen vil lese tekstar.

Me skal ha forsangarkor denne kvelden - vil du vere med i dette koret kan du kontakte kantor Kjetil Bergheim på telefon 918 41 306.

Tilbake