Komande sundag, 26. november 2023, er det Kristi kongedag i kyrkja. Då skal det vere familiemesse i Seljord kyrkje kl 11,00. Kjetil Bergheim er organist, Einar Heggtveit kyrkjetenar, Ingunn Liseter er tekstlesar/klokkar/medliturg og Dag Harald Undheim liturg.
Det skal vere utdeling av jolegåver til 5 og 6 åringar, og det skal vere dåp.
Etter messa skal det vere kyrkjekaffe.
Tekstane for dagen kan du lese på bibelselskapets nettsider.
Vel møtt.