Komande sundag, 3. desember 2023, er det 1. sundag i advent i kyrkja. Då skal det vere ljosmesse i Flatdal kyrkje kl 11,00. Tore Sognefest er organist, Eilev Eiesland Bjørge kyrkjetenar, Ingunn Liseter er tekstlesar/klokkar/medliturg og Dag Harald Undheim liturg.
Det skal vere utdeling av jolegåver til 5 og 6 åringar, og det skal vere dåp. Dessutan vil konfirmantane frå Flatdal delta.
Etter messa skal det vere kyrkjekaffe.
Tekstane for dagen kan du lese på bibelselskapets nettsider.
Vel møtt.