Ljosmesse i Åmotsdal kyrkje


Komande sundag

Komande sundag, 3. desember 2023, er det 1. sundag i advent i kyrkja.  Då skal det vere ljosmesse i Åmotsdal kyrkje kl 17,00.  Tore Sognefest er organist, Eilev Eiesland Bjørge kyrkjetenar, Ingunn Liseter er tekstlesar/klokkar/medliturg og Dag Harald Undheim liturg. 

Det skal vere utdeling av jolegåver til 5 og 6 åringar, og det skal vere deltaking av konfirmantane frå Åmotsdal.

Etter messa skal det vere kyrkjekaffe.

Tekstane for dagen kan du lese på bibelselskapets nettsider.

Vel møtt.

Tilbake