Komande sundag, 10. desember 2023, er det 2. sundag i advent i kyrkja. Då skal det vere ljosmesse i Seljord kyrkje kl 19,00. Kjetil Bergheim er organist, Einar Heggtveit kyrkjetenar, Ingunn Liseter er tekstlesar/klokkar/medliturg og Dag Harald Undheim liturg.
Konfirmantane frå Seljord skal delta, og det vil vere fleire innslag av lokale songarar og musikarar.
Det skal vere takkoffer til Kirkens bymisjon sitt arbeid i Telemark.
Etter messa skal det vere kyrkjekaffe.
Vel møtt.