Vil du oppleve markering av advent på den gode gamle måten ?
Tradisjonen tru skal det også i år vere adventsmesse på Nes bedehus på Garvikstrondi i Seljord. Messa blir på 3. sundag i advent – sundag 17. desember kl 11,00.
Etter messa skal det vere servering og sosialt samvær kring borda, og i løpet av dette samværet vil det bli eit aldri så lite folkemusikalsk program, der mellom anna slåtten Jol i Trollebotn vil bli framført. Ragnar Haugstøl og Kjetil Bergheim vil ha ansvaret for dette programmet.
Det skal vere takkoffer til Nes bedehus.
Vel møtt.