Taraldsmesse 2024


Snart tid for Taraldsmesse

I år fell denne gamle helgendagen på ein måndag; 12.februar. Som tidlegare år samlast me ved Seljord kyrkje kl.18.00 for å gå med faklar til staden der Taraldskyrkja stod. Her blir det song og bøn, før me held fram inne i Olavskyrkja (Seljord kyrkje).

Etter samlinga i og ved kyrkja, dreg me opp til Øvre Klomset der me skal ha kaffi og kake og litt program. Programmet vil relatere seg til folkemusikktradisjonar knytt til Klomset. 

Øvre Klomset er ein av dei tre kjente plassane der datering med Taraldsdag er brukt. Det var i 1586 at eit dokument blei datert her.

Me ynskjer vel møtt både til kyrkja og Øvre Klomset. Truleg vil samlinga på Klomset starte kl 19.00.

Seljord sokneråd og Seljord sogelag ønskjer velkomen til Taraldsmesse.


Biletet på denne sida syner Seljord kyrkje, og er teke 12. februar 2020.

Tilbake