Som markering av fastetida 2024 skal det vere kveldsmesse med skriftemål og nattverd i alle dei tre kyrkjene våre, etter denne planen:
Åmotsdal kyrkje onsdag 14. februar kl 19,00
Seljord kyrkje sundag 25. februar kl 19,00
Flatdal kyrkje sundag 03. mars kl 19,00
Messa i Åmotsdal fell på dagen me gjerne kallar oskeonsdag, og han innleier fastetida.
Mange vert kan hende litt engstelege når dei høyrer/les ordet skriftemål. Men skriftemål i denne samanhengen må ikkje forvekslast med det personlege skriftemålet som vert gjort under fire auge. Skriftemål i gudsteneste består av at prest og kyrkjelyd ber ei skriftemålsbøn. Alle seier så amen til denne bøna. Deretter får alle ei handspålegging samstundes som desse orda vert lese:
Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn tilseier eg deg nådig forlating for alle dine synder i Namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande!
Deretter vert nattverden delt ut.
For ordens skuld: Denne forma for skriftemål er ei gamal ordning i kyrkja vår. Om du vil lese litt meir om dette, kan du lese side 24-25 i Helg & Høgtid nr 3 - 2021. Der står det skrive litt om dette.
Vel møtte til kveldsmesse i fastetida, med skriftemål og nattverd.
Les meir om fastetida i kyrkja.